Viktig ungdomsbok om mensen
 Publikasjoner 

Eit knippe norske forfattarar, blog-garar, musikarar og andre kulturelle bidragsytarar har gått saman om denne norskproduserte boka om fenomenet mensen. Her får vi korte sakprosatekstar, noveller, brev, dikt, teikneseriar og meir om dette delvis tabubelagde temaet.

Agnes Ravatn, Maja Lunde, Kadra Yusuf og Marit Larsen er nokre av namna på samfunnsengasjerte personar som har skrive tekstar til boka Mensen. Her finn vi mange ulike korttekstar om kva det inneber å vere kvinne. Sakprosatekstane tar for seg alt frå mensen sin plass i samfunnet gjennom mange år, mensen i ulike kulturar, mensen sin plass i populærkulturen og meir.

Språket er ganske direkte i nokre av tekstane, og kan overraske ein kvar lesar. Boka har fin språkleg variasjon og inneheld tekstar på både bokmål og nynorsk.

Boka kan passe for mange aldrar, men er nok mest ideell for ungdommar som har vore igjennom puberteten. For vaksne er ho fin underhaldning, medan ungdommane kan bruke henne som ei informasjonskjelde til eit tema ein kanskje ikkje torer å spørje om.

Bileta i boka er sterke, gode og ærlege. Dei fortel eigne historier om det å ha mensen, og om det å vere kvinne. Skildringane er detaljerte og like direkte som mensen sjølv, og det skulle vel berre mangle. Ærlegdom er boka sitt formål.

I nokre av tekstane blir mensen knytt til seksualitet. Boka kan vere informativ og nyttig for begge kjønn.

«Mensen» (96 sider)
Rettleiande pris: 279,- kroner
Gyldendal Norsk Forlag 2016