| Ny nynorsk rettskriving frå hausten 2012 | |
|
Publikasjoner
|
|
Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal lage ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk - utan klammeformer. Den nye norma skal etter planen vere klar på vårparten i 2011, men tek først til å gjelde når dei oppdaterte ordbøkene ligg føre i august 2012. |
|
Eigentleg skulle den nye rettskrivingsreforma ha vore på plass allereie i 2009, men protestane var så store at kulturminister Trond Giske stoppa prosjektet i 2008. No startar prosessen opp att, og den nye nemnda har fått sju medlemmar frå alle kantar av landet:
Ei av dei store utfordringane som den nye nemnda står overfor, er å velje dei formene som skal gå ut av rettskrivingsordbøkene. Eit viktig prinsipp har vore at dialektbrukarar frå heile landet skal kjenne seg att i nynorskrettskrivinga. Når norma blir strammare, er det fare for at nokre dialektområde føler seg som taparar.
Leiaren for den nye nemnda, Grete Ruse, seier til NRK-programmet Språkteigen at ho er budd på skarpe reaksjonar.
- Mange har sett på nynorsk som motpolen til eit stramt riksspråk som var knytt til ei bestemt sosial klasse i storbyen. Med den nye reforma håper eg at det ikkje skal vere så lett å peike på eit dialektområde som har vunne.
Det faglege hovudgrunnlaget for arbeidet med den nye norma skal vere det materialet som Språkrådet arbeidde fram i perioden 2001—2003. Den gongen var både nynorskavisene og bøker på nynorsk viktige kjelder for å finne ut kva for nokre former som er mest i bruk. Men Grete Ruse utelukkar ikkje at den nye nemnda også kan kome til å sjå på den nynorsken som er i bruk på nettet, til dømes i bloggar.
Resultatet av normeringsarbeidet kan fort bli ei form for midtlinjenormal, der dei mest konservative og dei mest radikale formene er luka vekk. Av dei store forfattarane i dag er Edvard Hoem kanskje ein av dei som ligg nærast ein slik midtlinjenormal.
Ufordringar for nynorsklæraren
Ein av dei viktigaste grunnane til at nynorsken blir stramma inn, er dei mange klagemåla frå norsklærarar og elevar som synest at den store valfridomen gjer nynorsk til eit vanskeleg språk å lære: Elevane slit med dei valfrie formene og blir aldri heilt sikre på kva som er lov.
Først om eitt år, i april 2011, er nemnda klar med innstillinga si. Deretter går det enda eit år før nynorsken faktisk er stramma inn, for Kulturdepartementet skal godkjenne innstillinga og forlaga skal få sjansen til å utarbeide nye ordlister. Med andre ord kan den nynorsken som elevane lærer i 2010 og 2011, vere gått utpå dato i 2012. Slik signala no er, kan det vere lurt om elevane allereie no blir åtvara mot å bruke dei klammeformene som finst.
Eit anna spørsmål er kor tydelege signal Utdanningsdirektoratet vil sende til skulane om den nye rettskrivingsreforma. Vil det vere greitt at skulane nyttar lærebøker som bryt med den nye norma, eller vil skulane få ekstra tilskot for å skaffe seg nye bøker? Vil direktoratet krevje at alle elevane får nye nynorskordlister? Ei slik drahjelp hadde vore god å få for alle dei norsklærarane som snart skal lære bort ein ny versjon av nynorsken, for i Skule-Noreg er det nok ikkje alltid slik at rektorane prioriterer nye ordhøker framfor alt anna.